top of page

Gallery

Radio-intervju, 29/01-2013, NRK P1:

restaurering - Vindauge
00:00 / 00:00

Vindaugo får ikkje alltid det vedlikehaldet dei treng, og det viser seg etterkvart.

Glaset kan vere knust, kitten er (delvis) borte, hjørnebeslaget ramler nesten av, og sjølvsagt er stabiliteten i ramme borte. Og målinga, ja ja, denne vindauge her har fått siste strøk måling sitt for ca. 60 år sidan.

Då blir det tid til å vurdere saken: å kjøpe nytt eller å ha dei restaurert. Særleg når utforming er litt spesielt kan det vere passande å ha dei restaurert. 

Eg tar meg gjerne av ein slik jobb, det er berre å ta kontakt.

 

Arbeidet som skal gjerast er:

- vurdere pasientenes tilstand
- fjerne kittrester
- demontere glasruta
- demontere beslaget
- ta ramma ut av kvarandre (fjerne
  trespikar eller jernspikar)
- skrape/pusse vekk all gamalt måling
- lage og settje inn nye delar
- lime saman ramma, med dei
  opphavlege eller nye trespikar/
  pluggar
- tette alle samanføyingane med lim/
  pussestøv
- finpusse ramma
- settje på oljegrunning
- montere hjørnebeslaget etter
  reingjering (helst med dei opph.
  spikar)
- ev. finne og skjære til gamalt glas
- settje inn glasruta med vinduskitt
- måle 2 strøk

bottom of page